
Menneske
Du er ikkje i det du gjer
Eller gjorde
Menneske
Du er ikkje i det du seier
Eller sa
Menneske
Du er ikkje i det andre gjer deg
Eller gjorde mot deg
Menneske
Du er ikkje i det andre seier om deg
Eller sa til deg
Menneske
Du er ikkje i det du eller dei tenker
Eller nokon tankebygning i det heile
Menneske
Du er meir
Evig elska
Kjærleg nagla fast
Til Guds hjarta
Høyr! Menneske
Spegla du det
Vert du ei himmelsk rose
På jorda
Du har dine torner
Eg med
Vi er då og reinskåren vakre
Vi er meir enn kverandres og eigne dommar
Fri!
Til å elska, dansa og leika
Fri!
Til å bygga, hausta og gje
Meir menneskeleg
Endeleg
Medmenneske