
Trua mi
Er ingen katedral
Med orgelbrus
Og kvite kapper
Trua mi
Er ingen vandrepokal
Eg har vunne gjennom siger
En gong og 2 og igjen
Trua mi
Er slett ingen miskunnsam samaritan
Som går ikring med pyrisept og salve
Trua mi
Er knytt til den vona
At «tilgje meg» er betre enn «gje til meg»
At vennskap er betre enn fiendskap
At bru er betre enn mur
At forsoning er betre enn hat
At å setja fri er betre enn å dømma
At lyset er sterkare enn det mørke
At nåden er større enn synda
Alltid
At livet overlever
Alt
Sjølv døden
Det er den vona
Som trur på sola om natta
Som ikkje gjev opp i mørkret
Som ventar ein ny dag
Som held trua fast
Lik ein god Fars hand