Heim

Heim er
Der du fer koma
Som du er

Heim er
Der du fer vera
Slik du er

Heim er
Der du fer bidra
Med det du har

Heim er
Der du fer gjera
Det du kan

Heim er
Der du fer aksla av
Børa

Heim er
Der du fer kvila
Frå krava

Heim er
Der du finn fred
Frå frykta

Heim er
Der du står trygg
Frå skamma

Heim er
Der du aldri vert fengsla
I fortida sine nederlag

Men fer favnast av framtidsdraumen

Den draumen
Om dei gode augo

Den draumen
Om dei opne armane

Den draumen
Om ei utstrekt hand

Den draumen
Om ei skulder å lena seg mot

Den draumen
Om å høyre til

Den draumen
Om staden der nåden rekker

For alle – uforskyldt
Til alle – ufortent

Då først er heimen ei kyrkje på jorda
Som speglar Guds himmel av

Då først kan vi i sanning sei: Velkommen heim!

Publisert av dreieskivaroaldkvam

Coaching, Advisory & Strategic Thinking

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: