
Trua mi er for tirsdagar noMandagar er altfor håpefulle
Søndag full av tømde ord i tynn luft
Onsdagar veit verken fram eller tebake
Trasig er torsdag, men den tåle meg – ja, deg med
Fredagar er som tapt for tanken,- ja den draumen om ei kvardagsnær kyrkje på Meisterleg vis
med Han dei kalla «storetar og vindrikkar», ven av «tollera og syndarar»
Laurdag må ein sove sorga ut
Over alt spelet so ska spelast
Den første dagen i veka