
Vakraste på jorda
Er du
Som retter ryggen med håp
Mot håp
Som møter dagen med mot
I motløysa
Som setter beina under deg
Utan grunn
Som tar det eine steget fram
I det framtidslause
Som i trassig tru triv tak i draumen din
Midt i marerittet
Gjev du fekk smila
Like frå nederst i hjarta
Gjev du fekk favnast
I ein langsom klem
Gjev du fekk følgje
Å lene deg mot i ulent
Gjev du kom heim
Til ei opa dør
Og eit evig dekka bord
Av raus rikeleg nåde