Huset ved havet

Eg bur i eit hus ved havet.

Nett slik det blei ei bøn for livet eg vil leva.

At mitt liv sku ha utsikt til, ja stå nær ved, dei kraftigste krefter og folka som strever imellom.

At det sku vera lys i mine vindu. For retning. Og håp. Til dei som mørker herjar.

At døra mi sku vera ei opa ei. Uansett.

Nett slik eg sjøl trong ei opa dør or mitt eige mørker og stormane deri.

Det er egentlig ikkje meir vanskeleg enn dette
At det du sjøl treng, treng din neste også.

Og så dela litt av din styrke når du er sterk.
Og ta imot hjelp når du er svakare.

Livet har vi saman. Også kvar vår del av mørker og av stormkasta.

Ingen av oss er den bedre. Eller sterkare. Begge er vi bra. Og sterke. Berre ikkje alltid på likt. Men då kan vi dela.

Så slepp mørker oss. Så løyer stormane.

Så lever vi meir.

Begge.

Publisert av dreieskivaroaldkvam

Coaching, Advisory & Strategic Thinking

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: